FOTOGRAFERING

Helge Grønningsæter held fram med å fotografera alle som bur i Vik grendevis, det gjeld gruppefoto, ikkje enkeltfoto. Dette vil vera verdfullt i dag, men endå meir om 50 og 100 år. Det tek ca 15 til 30 minutt. Sjå Facebook eller www.helgevikisogn.no

Me håpar difor at alle vil møta. Dei bileti som er klare er utstilte på Blix hotell. Nye bilete tekne i 2016 vil koma der til hausten.

Det er og mogeleg å få kjøpa kopiar, i A4 format (21x29 cm).

På grunn av dårleg og usikker vermelding frå og med måndag 20.juni må me ta fotografering på sundag. Håper det likevel kan gå bra for dei fleste. Du kan sjølv velje kva plass/ tidspunkt du vil/kan møte til. Du kan møte i Framfjorden sjølv om du bur på Nese - om det passar betre med tidspunktet.

Nese sundag  19. juni kl 16.30 på kaien

Indrefjorden sundag 19. juni kl  17.45 ved stupetårnet

Framfjorden sundag 19. juni  kl 19.00 på Rundøyri

Arne Inge Sæbø 97 70 30 15

Helge Grønningsæter 91 88 58 78

FOTOGRAFERING

Sjå alle grendafoto på denne lenka   Grendafoto i Vik

Arkivet saman med Helge Grønningsæter vil i 2015 fotografera alle som bur i Vik grendevis, det gjeld gruppefoto, ikkje enkeltfoto. Dette vil vera verdfullt i dag, men endå meir om 50 og 100 år. Det tek ca 15 til 30 minutt. Sjå Facebook eller www.helgevikisogn.no

 

Arne Inge Sæbø

Helge Grønningsæter 91 88 58 78

Grenda Tenold med Seljestokkane juni 2015

Grenda Tenold med Seljestokkane juni 2015

GRENDAFOTOGRAFERING I VIK 2015 - 2016 - 2017

Pr   31. september 2015 er alle grendelag i Vik hovudsokn med dalane - Seljedalen, Ovridsdalen og Bøadalen - fotografert. Til våren 2016 er planen å fotografere innbyggarane i resten av kommunen.

Tusen takk til alle som har stilt opp så langt :)

Vi har planar om ei utstilling av bilete i løpet av 2015 eller på nyåret 2016. Det vert høve til å kjøpe grendafoto i A4 format(ca 20 x 29 cm) eller større.

Nokre andre grendabilete

Folk frå Hove og Voll på Storehaugen, den største gravhaugen på Moahaugane 16.juni 2015. Kjem i tillegg foto av dei på Voll og dei på Hove kvar for seg.

Folk frå Hove og Voll på Storehaugen, den største gravhaugen på Moahaugane 16.juni 2015. Kjem i tillegg foto av dei på Voll og dei på Hove kvar for seg.

Folk på Seim og Vetleøyri 18.juni 2015 ved Deievollen i Vik. Namn kjem seinare.

Folk på Seim og Vetleøyri 18.juni 2015 ved Deievollen i Vik. Namn kjem seinare.

Folk på Gildhus (nordre) 18.juni 2015. Namn kjem seinare.

Folk på Gildhus (nordre) 18.juni 2015. Namn kjem seinare.

Folk på Stadheim i Vik 17.juni 2015. Namn kjem seinare.

Folk på Stadheim i Vik 17.juni 2015. Namn kjem seinare.

Tilbake til framsida, klikk her : FRAMSIDE- FRONTPAGE