vikjakunst.no - eller: helgevikisogn.no
Klikk på bilete for stort bilete - Click on the picture for bigger picture
Storvasshorn - ca 1650 meter - Picture of Storvasshorn from a trip in 1965
Eldre illustrasjonsfoto frå 1965, far og eg var ved Storvatnet på fisketur og med karakteristiske Storvasshorn kneisande majestetisk i bakgrunnen. - Vi gjekk på turen i 1973 opp på venstre side, men noko bakenfor der vi ser.
Ivar på eit litt vanskeleg punkt - Ivar on the most difficult edge leading us over with rope security
Valgte å nytte tau her fordi regnet hadde gjort det litt sleipt på fjellet. Nesten på toppen her. Ivar gjekk først over og sikra oss andre med tau.
Klikk på bilete for stort bilete - Click on the picture for bigger picture
Ivar ved Skåreskaret - Utsikt mot Torvløysa
Ivar på vegen mot Skåreskaret før heimste Skårene. Torvløysa,1851 moh, stig opp i bakgrunnen. Vanleg rute til Torvløysa frå Norddal er fjellkammen rett over hodet til Ivar, eventuelt å gå opp frå Storvatnet og kome opp Breidløfta på snøen til høgre for Ivar sitt hode. Dyrdalen nedanfor oss går ned til Rellingsetra og Insetsetra (mot venstre ,nordover) og til høgre (sørover) opp til Storvatnet (920 moh). - Det er nok ein litt meir spektakulær tur å gå på Torvløysa frå Herdalen, kortare og brattare. Herdalen ligg på andre sida av Torvløysa -
Ivar with Torvløysa (1851 meters) in the background. Sitting near Skåreskaret on our way towards Heimste Skårene. The Dyrdal valley is down below and the Herdal valley is on the other side of Torvløysa
Mellom Skårene (Myhlljå Skôrene)
Arne Geir Grønningsæter, Dalhus Jon og eg hadde ein flott tur opp her ein sommardag ca 1972. Arne Geir og eg gjekk gamle setrevegen til Rellingsetra, omlag ei mil inn gjennom Dyrdalen til Storvatnet der vi traff Dalhus Jon - og så opp på Mellom Skårene. Det vart bra trim denne dagen!
Foto er frå påska 2011 av Ivar Grønningsæter -
Herdalen, Norddal på Sunnmøre. Flott! - Herdalen, in Norddal, Sunnmøre - Nice! The mountains from left Grjotdalsnibba, Kupenibba and Torvløysa(1851 meters), we don`t quite see the highest point here, but it si a kind of plateau on the top of Torvløysa. It si quite steep up from Herdalen, then an edge with one pass over a stone which could be a little difficult, but with a littel help it is no problem for anyone!
Fleire bilete frå Norddal, Sunnmøre. Klikk ein av desse linkane: Fjell - Mountains 1 eller Fjell - Mountains 6