Kva er giclee trykk? - Produksjon - Skrivar -Teknikk

Biletet viser ein Epson Stylus Pro 9900 jetprint/giclée-skrivar som eg brukar til å skrive ut kunst og foto med. Den kan skrive i 111,8 cm breidde. Rapportane dokumenterer frå "meir enn hundre års bestandighet" til 150 år. Nyare testar viser opp til 200 år når produsert på det rette papiret. Dette er eit godt stykke forbi dei tilsvarande antatte verdiane for tradisjonell grafikk.

Denne Epson skrivaren har ikkje mindre enn 11 fargar, derav to svarte og to gråtonar. Det er eit hav av kvalitetsskilnad mellom ein vanleg kontorskrivar og ein fullgod jetprint/giglée skrivar med tanke på gjengivelse og lysektheit.

The picture shows an Epson Stylus Pro 9900 jetprint/giglée printer which I use to produce art and photos with. The printer has 11 colours and the prints have an estimated resistance for more than 100 years on the right paper (some rapports show over 150 years resistance). This is better than the equivalent values for traditional prints (litographics etc).

Giclée - ein nyare "trykke-metode" enn andre trykk

Giclee trykk er "hot" på kunstmarkedet i USA!

Giclée er kan hende ein relativt ukjent teknikk for mange, men gicléebilete går som varmt kveitebrød på det amerikanske markedet. Giclée Fine Art Print er den universelle  nemninga på denne trykkemetoden som veldig mange kunstnarar, museum og galleri verden rundt har teke i bruk.

No har fleire norske kunstnarar også oppdaga dette utrolege mediet, som gir nye moglegheiter for å formidle kunst. Resultatet er at detaljar og nyansar speglar originalen med maksimal likskap. Giclée er nemleg ein individuelt produsert, høgoppløseleg reproduksjon av originale verk gjort på ein spesiell type storformat skrivar. Kvalitet og klarheit blir så bra at sjølv kunstnarar kan ha problem med å sjå skilnad på original og giclée-trykket. Slik blir giclée-trykk ei sjølvstendig kunstform og handverk.

Kort og godt er giclée verdens mest avanserte digitale kunsttrykk prosess. Et giclée-trykk blir produsert frå ei digital fil laga av eit originalt kunstverk eller fotografi. Maleriet eller det kunstneriske verket blir avfotografert eller scanna - eller det blir scanna film av analogt opptak/fotofilm. Kvart bilete  blir rekna som eit originalt, signert kunstarbeid på lik line med andre grafiske arbeid. Det er likevel viktig å sjå gicléeteknikken som ei sjølvstendig kunstform, som ikkje kan puttast inn i grafikk-kategorien som oftast delast inn i høg -og djuptrykk. I tillegg garanterar gicléane at fargedybde og lysekteheit vil vere nøyaktige og stabile i 70 til 150 år; deretter kan det bli noko bleikna. Som ved grafikk, er holdbarheita avhengig av kvar og korleis verket blir hengt opp: Kor fuktig miljøet bileta heng i er, og i kva grad biletet er utsatt for direkte sollys.

Navnet giclée, uttalast "zhee-clay", er omsett frå fransk og betyr "det som er spraya". Mens tradisjonell grafikk som litografiar, etsningar, tresnitt og koldnål tek utgangspunkt i ei original plate eller stein med eit motiv som er rissa eller teikna inn, har gicléar eit originalt kunstarbeid, til dømes eit maleri, ein collage, eit digitalt bilete eller foto som utgangspunkt. Den tradisjonelle grafikken brukar gamalt handverk og legg farge på plata og kjører den saman med papir gjennom ei presse. Giclée-trykka kan lagast på dei mest absorberande medium frå papir, høgglansa fotopapir, akvarellpapir, lerret og seilduk til silke og lær. Oftast brukast metta, vannbasert blekk for å produsere meir enn 3 millioner moglege fargar. Skuggar og nyansar kjem klarare fram, sjølv i dei minste detaljar. Gicléetrykk har også ei oppløysing på 1800 d.p.i. 

Denne teknikken er tidkrevande og utstyret er kostbart. Difor blir ofte en giclée dyrare i pris per trykk enn eit litografi. I tillegg kjem scanning av eventuelt originalt kunstverk og fargekorreksjon. Ein fordel med produksjonen er at kunstnaren ikkje treng å betale/sørge for oppbevaring av heile opplag, eller ta vare på ei originalplate til eit litografi eller ei etsning, men kan trykke frå det skanna materiale når kunden ønskjer å kjøpe eit bilete. Kunstnaren må sjølvsagt nummerere og signere og bestemme eit øvre opplag på motivet som i annan grafikk og opplag av foto. Ein annan fordel med giclée er kunstnaren sin moglegheit til å kontrollere og stå for heile trykkeprosessen. Slik har denne fantastiske teknikken vokst fram som eit alternativ til den tradisjonelle litografien. Mange spår at teknikken kjem til å ta over for vanlege tradisjonelle grafiske metodar. ( frå FineArt.no)