Fjell - Mountains 6 - Fjellturar i Norddal på Sunnmøre

Klikk på eit bilete for å sjå det - (klikk framover til neste bilete) - eller rull nedover sida  🙂  Click on a picture to view it - (click forward to the next picture) - or roll down the page

Min første tur til Torvløysa ( 1851 moh) i 1965

Eg var 14 år då far og eg for første gong gjekk på Torvløysa via Rellingsetra i Dyrdalen,  over elva og forbi Insetsetra og vidare opp på Daurmålsfjellet. Derifrå jamn stigning oppover i sørleg retning mot toppen. Veret var flott og turen også. - Storvasshorn over hodet mitt og framste Skårene til høgre. Frå elva gjekk vi til venstre, forbi Insetsetra og opp på Daurmålsfjellet.

I was 14 years when I had my first tour to Torvløysa (1851 meters) in Norddal, Sunnmøre in 1965. My father and me went via the Relling pasture in the Dyrdalen valley over the river, passing the Inset pasture and then steep up on the Daurmåls mountain. Then a long walk southwards with steady rising towards the top. The weather was fantastic and also the tour! - The mountain Storvasshorn is seen above my head.

Klikk på bilete for stort bilete - Click on the picture for bigger picture

  • Helge på Torvløysa for første gong - The first time on Torvløysa

  • Far på toppen av Torvløysa - i spasersko! - Skårene i bakkant. - My father on the top - none of us using very strongly built shoes, but it worked out well when the conditions were so optimal. The mountains Skårene in the background

  • Utsikt frå Torvløysa mot sørvest, Litleøvstdalsvatnet og Tverrfjellet (1608 meter). Storvasshorn går opp til høgre utanfor biletet

Utsikt mot Skårene, Middagshesten og Dyrdalen frå Torvløysa. Storfjorden skimtast og.

På veg ned frå Torvløysa til Storvatnet, år 1965 -
Me and my father on our way down from Torvløysa (1851 meters) to Storvatnet and Dyrdalen in Norddal community, year 1965.

  • Frisk utsikt på kanten av Breidløfta - On our way down to Storvatnet(a little lake) and the Dyrdal valley. Airy view here!

    Er komne litt lengre ned mot Storvatnet her. Dyrdalen under oss og vi skimtar og Storfjorden bak meg.

Tur til Kupenibba i Norddal i 1972

Sommaren 1972 hadde eg ein flott tur aleine til Kupenibba (1779 moh) i Norddal på Sunnmøre. Det var min første tur dit og spanande! Jon Kåre (Storås) og Olav (Grønningsæter - søskenbarn), hadde reist opp litt før meg til Herdalen. Denne dagen hadde dei teke med seg alpinskiene for å renne på Kupebreen. Sprekt å bere utstyret så langt! Eg starta frå Herdalsetra, ca 500 moh, og traff dei når eg kom opp til fotenden av breen. Diskuterte sikkert med dei kor det var lurast å gå over breen, sjå innteikna rute. Veret var strålande!

Det er alltid litt spesielt å gå aleine på tur, serleg på ruter ein ikkje har gått før. Men eg hadde sikkert sett ned på deler av ruta på tidlegare turar til Torvløysa, men kan ikkje huske å ha gått ned frå Torvløysa via breen tidlegare. - Hugsar  ikkje så mykje detaljar, breen gjekk greit og egga var fin å gå på. På toppen flata det ut til eit slags platå. Det var mange kjensler når eg nærma meg toppen. Mange inntrykk i det flotte veret! Og fantastisk utsikt i alle retningar. Eg la meg forsiktig ned på magen ved varden, kraup fram og kikka nedover den stupbratte fjellsida som omtrent gjekk innover mot breen. Det var ganske så mange hundre meter rett ned. Tippa at eg trakk meg ganske fort tilbake! Der hadde eg aldri tort å sitte å dingle med beina iallefall!

The summer 1972 I had my first and only tour to Kupenibba (1779 meters) from the Herdal pasture (500 meters) in Norddal. I met Olav G. and Jon Kåre skiing at the glacier and discussed the route with them over the glacier. They had been carrying their skis all the way from the Herdal pasture to ski on the lower part of the glacier! Vigorous young men! The tour and weather was fantastic and so were the view. No difficulties with the walking ,but perhaps the edge towards the top could be a bit airy for some.

Foto: Har tatt bilete frå Heregga (1557 moh). Sjå sida Fjell - Mountains 1: Fjell - Mountains 1

HERDALEN. Biletet tatt litt sør og øst for setra. - Geitene på veg tilbake til Herdalsetra for å bli mjølka, som ein fast dagleg rutine etter ein dag på beite. Fjella frå venstre er Bolletehornet, spisse Grjotdalsnibba i midten og Kupenibba til høgre med Kupebreen nedanfor. Torvløysa ser ein stig opp heilt til høgre og Heregga stig opp heilt til venstre og utanfor biletet. Eg meinar det er Grandevassegga vi ser bak Grjotdalsnibba. Dronning Sonja har gått over Bolletehornet og Holeegga ( bak Bolletehornet og vi ser ikkje Holeegga her) ned i Vesteråsdalen i Geiranger. Ein tur eg og fekk vere med på i lag med Ivar, Arne Geir med fleire - før Sonja vart interessert i Herdalen og fjella der :) Flott tur!

Utsikt mot toppen av Kupenibba frå breen. 700 meter stup som eg har skrive på biletet er vel i meste laget, men det var høgt nok! -

View towards the top Kupenibba from the glacier. Perhaps quite not 700 meters precipice as noted on the picture, but quite enough hight meters!

Rast nedst rett før Kupebreen startar. Traff Olav og Jon Kåre her - dei sto på alpinski på breen! - og ein av dei tok dette biletet med kameraet mitt. Og veret var som ein ser strålande! - Break at the start of the Kupe glacier, met Olav G. and Jon Kåre S. here. They were skiing on the lower part of the glacier!

Egga opp til Kupenibba. Ein kjem opp frå breen heilt i høgre biletkant. Vi ser ned i Dyrdalen på andre sida, Litlevatnet og fjella Skårene.- The edge towards the top, coming up on the snow on the right side and then folloving the edge. Not difficult but a bit airy

Utsikt frå Kupenibba (1779 moh) over til Torvløysa (1851 moh). Torvløysa reknast som det høgste fjellet på Sunnmøre når ein ser bort frå nokre grensefjell, til dømes Pyttegga og Karitind :) Skal ein ha ein ekstra tøff tur er det fullt mogleg å gå på både Kupenibba og Torvløysa på same turen, gå ned egga frå Kupenibba og opp skråninga vi ser til venstre for Torvløysa toppen. Det er ein mykje meir vanleg tur å gå på Torvløysa enn på Kupenibba. Då er den vanlege vegen frå Herdalen at ein kjem over snøen til høgre for toppen på Torvløysa - og ikkje over Kupebreen.

Utsikt frå toppen av Kupenibba mot Storvasshorn og Skårene.

Tur til Skåreskaret - på vegen mot heimste Skårene i 1973

Vi gjekk forbi Rellingsetra i Norddal kommune mot Heimste Skårene på denne turen.

Vi valgte å stoppe ved Skåreskaret, fordi det var litt vel vanskeleg å kome forbi utan tau - We stopped our trip at Skåreskaret because of some difficulties to pass without ropes.

Klikk på bilete for stort bilete - Click on the picture for bigger picture

  • Ivar Grønningsæter, Olav Grønningsæter og Bjørn Relling - turkameratane på denne turen. Dyrdalen under oss. - My tour mates Ivar, Olav and Bjørn - and the dog Tanja!

  • Rast på vegen opp. - To gode fotballspelarar. Olav: ÅFK (Ålesund FK), Sogndal og Lillestrøm. Tanja (hunden) : Norddal I.L. :) Ivar og Bjørn bak - A break on our way. - Two exellent football players, Olav and the dog Tanja

  • Helge Grønningsæter (meg) og Bjørn Relling om lag på det høgste punktet på denne turen på Skåreskaret. Middagshesten nærmast bak og Kirkefjellet bak det igjen. Valldal på andre sida av Storfjorden. Norddal bygda i dalen mellom Middagshesten og Kirkefjellet.
    Helge(me) to the left and Bjørn perhaps on the highest level on this trip to Skåreskaret/Heimste Skårene.

  • Ved Skåreskaret - At the Skåreskar

    Pause ved Skåreskaret. Utan tau valgte vi å stoppe her. Break at the Skåreskar. Without ropes vi stopped here.

  • Skåreskaret - litt nedanfor Heimste Skårene

    Vi var på høgre side av skaret og stoppa der - We stopped at the right side of the Skåreskar, the cleft.
    Foto fra seinare tur av Ivar Grønningsæter

  • Her ser vi ryggen vi gjekk opp på høgre side av skaret

    Foto: Ivar Grønningsæter

  • Utsikt frå toppen av Heimste Skårene

    Foto av Skåreskaret tatt av Ivar Grønningsæter påska 2011 frå toppen av Heimste Skårene. Middagshesten midt i biletet og Kirkefjellet i bakkant
    Foto: Ivar Grønningsæter

  • Skåreskaret

    Foto tatt frå Storvatnet av Ivar Grønningsæter

  • Mellom Skårene og Heimste Skårene til høgre

    Myhlljå Skôrene og Heimste Skôrene (som Ivar helst vil skrive det)
    Foto: Ivar Grønningsæter

Meir fjell Norddal, Sunnmøre - More mountains Norddal, Sunnmøre

Fleire bilete frå Norddal, Sunnmøre, klikk ein av desse linkane: Fjell - Mountains 1 eller  Fjell- Mountains 7