Gå til hovudside Springing - Running for å sjå bileta: Springing - Running - Klikk her

Tekstar lokal springing :

Damelaget til Vik IL heldt plassen i eliteklassen

Damelaget til Vik IL
Under oppsummeringa av lokale resultat hadde dessverre einaste laget (frå fylket vårt) som sprang i eliteklassen falle ut. Dette seier vi oss veldig leie for - men betre seint enn aldri for å bruke ein floskel.

Vi har vore heldige som har motteke denne rapporten frå Vik IL v/Arne Inge Sæbø:

Vik heldt plassen
Vik sitt damelag i eliteklassen i Holmenkollstafetten greidde målsetjingi med å halda seg i eliteklassen. Vik vart nr 18 av 21 lag og hadde tre lag bak seg. Nærmast fylgde Vossaalliansen, 11 sekund bak, dermed var målet om å slå naboane og oppfylt. Det andre målet, nemleg å vera best i fylket, lukkast og. Gloppen rykte ned i fjor, og dei vart nr 4 i sin klasse på 66.22, medan Vik hadde 65.04. Løypa var litt omlagd og lenger i år, så tidene kan ikkje heilt samanliknast, men uansett har damelaget hatt betre tid før. Men det å klara å stilla 15 løparar og bli nest beste lag frå Vestlandet, etter BFG Fana, er ein god prestasjon.
     

 

Damelaget som sprang på 65.04 og hadde Vossaalliansen, Halden og Osterøy bak seg. Framme Ragnhild Fjærestad, Elinor Vevle, Hilde Mæhlum, Anna Gjeraker, Anne Silje Sylvarnes, Berit Larsen og Oddveig Kolltveit. Bak Annelin Ese, Birgit Hove, Maria Bøthun, Ann-Kristin Flatland, Ingvild Flatland, Kari Torhild Kvåle og Ingrid Narum.



Etappe for etappe
Annelin Ese sprang 1. etappe på 1100 m for fyrste gong, og 17-åringen fekk ei tøff oppgåve mot dei andre elitelagi. Vik var blant dei siste lagi, og Birgit Hove på den 1100 m lange Norabakken hadde eitt lag bak seg. Maria Bøthun hadde den 600 m lange 3. etappen og gav pinnen til Ann-Kristin Flatland på den 1700m lange Berg og dal-etappen. Ann-Kristin likte ikkje unnabakkedelen av etappen, men sprang godt i motane og tok att eitt lag. Systeri Ingvild rykte ein plass bakover på sin etappe. Ho veksla med Kari Torhild Kvåle på den neste etappen som er den brattaste av alle. Ho var svært nøgd med etappen og sin eigen innsats og tok att 3 løparar. Etter Kari Torhild sprang Ingrid Narum opp til topps på Besserud, og ho tok att ytterlegare 3 løparar, slik at no hadde Vik 7 lag bak seg. 
Ragnhild Fjærestad sprang den 1800 m bratte unnabakken, Elinor Vevle 600 m slakk unna før Hilde Mæhlum overtok på den 2400 m lengste etappe. Den går mykje slakt unna. Ho leverte til Anna Gjeraker, 15 år gamal, som måtte springa den 1100 m lange etappen gjennom Frognerparken. Men Anna greidde det strålande og var kjempenøgd både med eigen innsats og etappen. Jamaldringen Anne Silje Sylvarnes hadde den kortaste etappen på 390 m, ho leverte til Berit Larsen som sprang 1200 m. På dei to siste etappane på ca 600 m sprang ei venninnne av Berit som bur i Oslo og Oddveig Kolltveit hadde siste etappen. På toppen av Besserud og inn til mål tapte altså Vik nokre plassar, men hadde berre 4 og 20 sekund fram til dei to lagi framfor.